Tips til turar i haustferien

HAUSTFERIEN var opphaveleg potetferie. Skal du ikkje hauste poteter, kan ei vandring langs pilegrimsleia absolutt anbefalast.

HAUSTFERIEN var opphaveleg potetferie. Skal du ikkje hauste poteter, kan ei vandring langs pilegrimsleia absolutt anbefalast.

Dei to neste vekene skal mange ha haustferien, og for somme har han allereie starta. Hausten kjem med flotte fargar og skarp, klar luft. Då er det deilig å vere ute. Her kjem nokre tips til utvalde stader du kan kombinere haustferie og ei vandring langs pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim. 

  • Over Gjelleråsen 4/11 km: Frå Stovner får du ein fin tur på kring fire kilometer over Gjelleråsen mot Hellerudsletta. Forleng gjerne turen videre til Leirsund (ca. 11 km totalt) for å få med deg Skedsmo kirke og ei behageleg vandring over Farseggen.
  • Bærumsmarka – Sundvollen 24 km: Langs pilegrimsleia gjennom Krokskogen følger du store deler av vegen Den bergenske kongevegen frå Lommedalen, via Kleivstua og fram til Sundvollen. Strekningen byr på Olavskjelder, helleristningar og storslått utsikt.
  • Granavollen – Tingelstad 3,5 km: Ei kort, men historiefull og vakker vandring i eit lett kupert landbrukslandskap. Høgdepunkta er dei særmerkte Søsterkirkene på Granavollen, Steinhuset og Tingelstad gamle kyrkje. Frå Tingelstad det fire fine kilometer ned til Brandbu.
  • Tangen – Hamar 29 km: Du går gjennom tett og fredfull barskog før landskapet opnar seg mot Stange og Hamar. Verdt å nemne på denne strekningen er Stange kirke, Atlungstad brenneri og domkyrkjeruinen på Domkirkeodden, del av mellomalderbyen Hamar.
  • Harpefoss – Vinstra ca. 11 km: Frå garden Sygard Grytting på Harpefoss går det bratt opp mot den gamle husmannsplassen Skar. Her oppe i dalsida, like under fjellknausane, er det spektakulær utsikt over Gudbrandsdalen og Lågen nedanfor.

Les også:
Turforslag: ei veke langs pilegrimsleia
Kva sko skal eg gå med?

For fullstendig oversikt over pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim, og inspirasjon til fleire turmoglegheiter, sjå boka «Pilegrimsleden – en praktisk guide til vandringen». Ho kan du kjøpe her.

Har du andre favorittstrekningar langs pilegrimsleia? Del gjerne det i ein kommentar på sida her.