Turforslag: vekesvandring frå Otta til Oppdal

Denne 138 kilometer lange turen passar fint som ei vekes lang pilegrimsvandring. Leia tek deg frå den nordlege delen av Gudbrandsdalen og opp på Dovrefjell, der høgfjellslandskapet verkeleg innbyr til vandring. Eit rikt dyre- og planteliv, eit gjestfritt vertskap og minneverdige matopplevingar er blant det du kan vente deg på strekningen Otta – Oppdal.

Vandringa startar behageleg med omlag femten kilometer flatt terreng fram mot Nord-Sel. Derifrå blir landskapet meir kupert. Snart når du tettstaden Dovre, og nærmar deg for alvor fjellheimen. Etter Budsjord tek fjelletappane til, og du startar no på vandringa over Dovrefjell – ei vakker vandring i høgfjellslandskapet. Store deler av vegen tek Pilegrimsleia følgje med Den gamle kongevegen som er merka med blåe kongekroner.

Les også:

For pilegrimar i tidlegare tider kunne nok Dovrefjell vere ein frykta strekning, og det kan vere lurt å halde eit auge med vêret også for moderne vandrarar. Er du i tvil om forholda, spør på overnattingane eller ta kontakt med Pilegrimssenter Dovrefjell. Om vêret ikkje skulle freiste til vandring, har Dovrefjell fleire fine turisthytter og fjellstover der det er behageleg å ta ein kviledag.

På vegen mellom Otta og Oppdal kan du utforske kulturelle og historiske godbitar som til dømes Jørundgard Middelaldersenter, Allmannrøysa, Vårstigen, tallause spor frå tidlegare tider, som busettingar, fangsgroper og gravrøyser, den djupe elvedalen Vinstradalen, med mange tradisjonsrike setrar, og til sist fjellbyen Oppdal.

Frå Otta og Oppdal er det greitt å komme seg med buss, tog eller bil. Og NSB trafikkerer Dovrebanen på strekningen mellom småbyane.

Detaljerte skildringar av leia og oversikt over overnattingstilboda på vegen finn du i «Pilegrimsleden – en praktisk guide til vandringen». Boka kan du kjøpe her.