Den første pilegrimsvandringa i eige land

PILEGRIMAR: Fornøgde vandarar på veg frå Otta, over Dovrefjell og til Oppdal. Frå venstre Johanna Edmark, Ingrid Martine Håpnes og Martin Melvær. (Foto: Ingrid Martine Håpnes)

PILEGRIMAR: Fornøgde vandarar på veg frå Otta, over Dovrefjell og til Oppdal. Frå venstre Johanna Edmark, Ingrid Martine Håpnes og Martin Melvær. (Foto: Ingrid Martine Håpnes)

Han har vandra i langs pilegrimsleia i Spania, og ho er glad i å gå i den norske fjellheimen. Når det unge venneparet i sommar planla ein aktiv ferie, fall valet på ei veke langs Gudbrandsdalsleia.

– Eg er glad i å gå i fjellet, og ville gå langs ei rute eg sjølv ikkje hadde komme på å gå, seier Ingrid Martine Håpnes.

Saman med Martin Melvær gjekk ho i august pilegrimsleia mellom Otta og Oppdal, frå nordenden av Gudbrandsdalen og over Dovrefjell. Dei hadde høyrt om turen frå fleire vener, og ville kjenne på korleis det var å gå lengre etappar i vekslande terreng – som pilegrim.

– For min del har eg erfaringa frå caminoen i Spania, og hadde difor lyst til å sjekke ut deler av den norske pilegrimsleia, seier Martin.

Med tips frå erfarne pilegrimar og guidebok sekken, starta vandringa i Otta nord i Gudbrandsdalen. Hit er det greitt å komme seg til med tog, buss eller bil, og det var difor eit fint utgangspunkt for dei to.

Forelska i pilegrimsgard

Etter å ha gått gjennom Nord-Sel og Dovre kom dei fram til Budsjord pilegrimsgard, som ligg ovanfor Dovrebygda. Staden markerer starten på den første stigninga opp mot Dovrefjell. Garden har atten bygningar fordelt på inntun og uttun, og det eldste huset, Stallen, er frå 1600-talet. Budsjord er freda og vertskapet driv stadig restaureringsarbeid på plassen.

Ingrid Martine og Martin trekker nettopp fram Budsjord som høgdepunktet på turen.

DOVREFJELL: Her kan ein kjenne på det å vere åleine i naturen.

DOVREFJELL: Her kan ein kjenne på det å vere åleine i naturen. (Foto: Ingrid Martine Håpnes)

– Det hadde regna heile dagen medan me gjekk, og me blei teke så godt imot på denne staden av ei hyggeleg og vakker jente som serverte riktig god mat. Det var rett og slett ein utruleg sjarmerande plass. Eg blei nesten litt forelska, fortel Martin lett humrande med tanke på opplevinga.

Korleis ein som pilegrim blir teke imot dei stadene ein kjem og skal overnatt, er avgjerande for kva minner og erfaringar ein tek med seg etter fullført vandring. Dessverre opplevde ikkje Ingrid Martine og Martin alltid gjestfridom og forståing for kva det betyr å vere pilegrim då dei gjekk.

Variert vertskap og variert pilegrimslei

– Me erfarte at vertskapet varierte. Som pilegrim får ein alt frå ein drøymestad til overnattingsplasser der ein kjenner seg uvelkomen. Det er veldig synd at det verkar som om nokon berre vil knytte namnet sitt til pilegrimsleia, men ikkje ser ut til å bryr seg særleg om pilegrimane. Det er i alle fall tydleg kven som legg sjela si ned i å gi eit godt tilbod til dei som går, seier Martin.

Han understrekar at dei dårlege opplevingane var få, men når ein tenkjer tilbake på turen er det lett å hugse.

Sjølve leia og merkinga var dei unge vandrarane nøgde med.

– Dovrefjell var mykje meir behageleg og grei enn me hadde høyrt. Turen opp til refugiumet (etappen mellom Kongsvold og Ryphusan) var som venta tung. Ting tar ofte lengre tid enn ein trur, spesielt i terreng der det er mykje opp og ned, men dette er ein tur dei fleste kan gjennomføre. Det var ikkje mange bratte etappar eigentleg, legg Ingrid Martine til.

 

Planlegg kvar du vil overnatte, et skikkeleg mat og ha med nok godteri.

Råd frå vandrarane Ingrid Martine Håpnes og Martin Melvær

Erfaringar og tips til andre vandrarar

På vegen over Dovrefjell gjorde vennevandrarane seg nokre erfaringar. Ingrid Martine legg vekt på at det var spanande å gå langs ei rute som ikkje går via dei store fjellkjedene, i eit terreng ho elles ikkje ville tenkt på å gå – i tillegg langs ei historisk lei.

– Me lærte mykje på vegen. Me fekk kjenne på å vere åleine i naturen, det å orke å gjennomføre trass slitne bein og å samarbeide og motivere kvarandre.

Martin tenkjer seg om, og kjem fram til at den største erfaringa han sit igjen med, er at det kan vere lurt å planleggje litt på førehand.

PLANLEGGAR: Ei bok med kart og informasjon, kan vere kjekt å ha med på tur. (Foto: Ingrid Martine Håpnes)

PLANLEGGAR: Ei bok med kart og informasjon, kan vere kjekt å ha med på tur. (Foto: Ingrid Martine Håpnes)

– Det er fleire enkle stader undervegs. Det er heilt greitt, for då er du i alle fall førebudd på enklare standard for ein rimelegare penge. Problemet me opplevde, er vel at det som såg bra ut ikkje alltid var det.

Difor meiner dei begge at det kan vere lurt å tenkje på kvar ein vil bu og kor mykje pengar ein vil bruke.

– Planlegg gjerne noko av overnattinga på førehand. For vår del gjekk det greitt å avbestille når dagsetappane endra seg, seier Ingrid Martine.

Og dei to deler gjerne fleire tips med andre som vil gå kortare eller lengre deler av Gudbrandsdalsleia.

– Ikkje ver redd for å korte ned dagsetappen. Det å gå skal vere ei god oppleving. Dropp telt og soveposen om du ikkje skal sove ut, då sparer du litt vekt og det kan vere kjekt. Bruk gode, inngåtte sko. Et ordentlig mat og middag kvar dag – ikkje sats på Real turmat heile vegen. Ha med solkrem, og sørg for å ha litt naudproviant i sekken, lister Ingrid Martine opp.

– Ja, ha med nok godteri! legg Martin til.