Ta på deg vandreskoa og utforsk pilegrimsleia!
Du er ikkje åleine om å ha gode intesjonar om eit meir aktivt nytt år. Kva med å bruke første del av 2016 til å planlegge ein tur langs pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim til våren eller sommaren.
Med boka «Pilegrimsleden – en praktisk guide til vandringen» blir du godt førebudd på kva som trengs for å legge ut på ei slik vandring. Boka byr på detaljerte kart og vegskildringar, avstandar, forslag til etappar og oversikt over overnattingar, butikkar og kulturminner.
Alle kan vandre langs pilegrimsleia. Det handlar berre om å gjere det i ditt eige tempo. Kanskje er 2016 året du skal utfordre deg sjølv til ei lengre pilegrimsvandring?
Ha eit godt nytt vandringsår!